natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva for ein ball kjem først?
To glatte baner med lik lengde, har ”humpar” – ein oppover-hump på bane A og ein nedover-hump på bane B. Begge humpane har same form. To ballar startar samtidig med same startfart i kvar si bane. Kva for ein ball fullfører bana si først?
a) Bane A
b) Bane B
c) Begge brukar same tid
Dersom startfarten er 2 m/s og farten til ballen i botnen av humpen på bane B er 3 m/s, då er farten til ballen på toppen av humpen på bane A
d) 1 m/s
e) >1 m/s
f) < 1 m/s
Faglig forklaring
b) og f).
Sjølv om begge ballane har same fart på den første horisontale delen av banene, så blir fartane forskjellige i humpane. Farten til ballen på bane B er større enn startfarten i heile humpen, mens farten til ballen på bane A har lågare fart i heile humpen. Derfor vil ballen på bane B fullføre bana først.
Er det slik at fartsauken i botnen av bane B er lik fartstapet på toppen av bane A? Nei, farten er ikkje bevart. Energien er bevart. Tapet i kinetisk energi på toppen av bane A, vil vere lik auken i kinetisk energi i botnen av bane B, dersom det er nok energi til å begynne med.
Den kinetiske energien i starten er mindre enn auken i kinetisk energi i botnen av bane B: ½ (32 – 22). Med startfarten 2 m/s vil ballen ikkje eingong kome til toppen av humpen på bane A.