natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- barnetrinn 5-7
- fysikk 1
Molekyl som rømmer
Når vatn fordampar, vil dei molekyla som flyttar seg raskast, rømme vatnet og bli molekyl i lufta. Den gjennomsnittlege bevegelsesenergien til molekyla som blir igjen i vatnet, minkar. Vatnet blir avkjølt.
Normalt vil lufta som tar imot molekyla som forlèt vatnet bli
a) varma opp
b) kjølt ned
c) verken varma opp eller kjølt ned
Faglig forklaring
b) kjølt ned
Molekyl som rømmer vatnet og går over i gassfase får vesentleg redusert farten i det dei overvinn hydrogenbindinga i vassoverflata, noko som reduserer den opphavlege bevegelsesenergien deira. Lufta blir derfor avkjølt etter kvart som ho tar opp desse mindre hurtige gasspartiklane.