natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Dobbel koking
Plasser eit glas med vatn i ei gryte med vatn, slik at botnen til glaset ikkje er i kontakt med grytebotnen. Sett gryta på ei varm kokeplate. Då vil vatnet i gryta etter kvart begynne å koke, men vatnet i glaset vil ikkje koke. Kvifor?
Faglig forklaring
Temperaturen til kokeplata er vanlegvis mykje høgare enn 100oC, noko som får vatnet i gryta til å koke. Men når vatnet i glaset, som er isolert frå kokeplata, når 100oC, vil ikkje ytterlegare oppvarming føre til auka temperatur i vatnet i glaset, fordi det er i termisk likevekt med det kokande vatnet til omgivnadene på 100oC. Utan ekstra oppvarming, held vatnet i glaset fram med å vere 100oC utan å koke.