natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Trykktank
Tenk deg at ein bordtennisball flyt i eit glas med vatn. Glaset er plassert i ein lufttett tank. Når lufttrykket blir auka i tanken, vil ballen flyte
a) lågare
b) høgare
c) som før
Faglig forklaring
Svar: b) høgare
Ballen vil flyte høgare. Oppdrifta som er avgjerande for korleis ballen flyt, skuldast både den fortrengde vassmengda og luftmengda. Høgtrykksluft har større massetettleik, og den større vekta til den fortrengde lufta, gir større oppdrift i lufta. Dette løfter ballen litt oppover, og ballen flyt høgare i vatnet.