natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- fysikk 1
Oppdrift i vatn
Tenk deg at ein luftfylt ballong blir plassert i vatn med eit lodd under slik at den er på nippet til å søkke, det vil seie at den gjennomsnittlege massetettleiken akkurat er massetettleiken til vatnet. Dersom du skyver ballongen under overflata slik figuren viser, vil den
a) søkke
b) kome opp til overflata igjen
c) forbli på den plassen som du dytter den til
Faglig forklaring
Kvifor? Fordi på djupare vatn vil vatnet rundt trykkje sterkare og presse ballongen litt saman. Det fører til at massetettleiken aukar. Større massetettleik resulterer i at ballongen søkk.
Eller du kan vurdere oppgåva på denne måten: Ved overflata er oppdrifta akkurat stor nok til å halde den flytande. Når ballongen blir pressa saman, skyver ballong unna mindre vatn og oppdrifta blir redusert oppdrifta er ikkje stor nok til å halde den flytande.
Spørsmål: Etter kvart som ballongen søkk, vil oppdrifta auke, minke eller være den same?