natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- fysikk 1
Samanpressa luft
To identiske ballongar blir fylte med luft og hengt opp i endane på ein stokk som heng horisontalt i likevekt. Når vi stikk hol på ballongen til venstre, vil balansestokken
a) bli uroleg og rotere med klokka
b) bli uroleg og rotere mot klokka
c) vere i ro
Faglig forklaring
Svar: a) bli uroleg og rotere med klokka
Sjølv om oppdrifta blir mindre på den punkterte ballongen, så er denne krafta oppover mindre enn vekta av lufta som strøymer ut av ballongen. Grunnen er at massetettleiken til lufta i ballongen før punktering, er større enn tettleiken til lufta rundt ballongen.