natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- vg1
Tjukkleiken til ozonlaget
Ozon (O3) skjermar oss frå den mest av skadelege UV-strålinga frå sola. I atomosfæren utgjer denne gassen i gjennomsnitt berre 0,3 ppm (parts per million). Sjølv om atmosfæren til jorda strekkjer seg omtrent 250 km oppover, ville han berre strekkje seg 8 km oppover dersom vi hadde pressa saman lufta i atmosfæren til same massetettleik og lufttrykk som ho har ved havet si overflate. Tilsvarande kan vi tenkje oss å presse saman atmosfærisk ozon. Kor tjukt ville då ozonlaget bli?
a) mindre enn 1 mm
b) mellom 1 mm og 1 cm
c) mellom 1 cm og 1 m
d) meir enn 1 m
Faglig forklaring
Sidan ozon utgjer berre 0,3 milliontedel av atmosfæren, vil tjukkleiken bli tre ti-milliontedel av 8 km.
Det er 0,3 x 10-6 (8 km) = 2,4 x 10-6 km = 2,4 mm