natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Bryting i atmosfæren
Tenk deg at du vil sende ein stråle med laserlys til ein romstasjon som er plassert rett utanfor atmosfæren og akkurat over horisonten. Då må du rette laseren
a) litt høgare enn
b) litt lågare enn
c) direkte langs
synslinja til romstasjonen.
Faglig forklaring
Svar: c) direkte langs
Når du vil sende lys til romstasjonen, skal du ikkje gjere nokre korreksjonar og ganske enkelt rette lysstrålen mot stasjonen som du ser. Alle avvik på grunn av lysbryting i atmosfæren i synslinja di vil vere den same for laserstrålen - dette er prinsippet om omvending av lysstrålen: den følgjer same veg frå deg til romstasjonen som frå romstasjonen til deg.