natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Regnbogen
Fotografen ønskjer å ta eit bilete av regnbogen, men blir skuffa over at kameravinkelen ikkje er vid nok til å få med heile regnbogen. For at ho skal få med heile regnbogen, ville det vere betre om ho var
a) nærmare regnbogen
b) lenger frå regnbogen
c) ingen av stadene, fordi ho vil få den same delen av regnbogen uansett kvar ho står
Faglig forklaring
Svar: c) ingen av stadene
Alle regnbogar som utgjer ein heil sirkel, nær eller fjern, spenner seg ut over ein vinkel på 84o. For å kunne fotografere ein heil regnboge, anten ein veldig nær ein som blir laga av ein handheldt hageslange eller ein som er fleire kilometer borte, må kameravinkelen vere minst 84o - ei linse med veldig stor vidvinkel. Det er synsvinkelen som er avgjerande, ikkje avstanden.