natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- fysikk 2
Induksjon
Kva hender med visaren på galvanometeret i krets 2 når brytaren i krets 1
a) først blir lukka
b) blir halden lukka
c) blir opna igjen
Faglig forklaring
Når brytaren først blir lukka, går det ein straum i krets 1 som set opp eit magnetfelt som også når bort til spolen i krets 2. Når magnetfeltet blir bygd opp i spolen i krets 2, blir det indusert ein straum i denne spolen som får visaren til å slå ut. Straumen er kortvarig, fordi når magnetfeltet først er etablert, blir det inga endring i magnetfeltet, ingen straum blir indusert og galvanometeret viser ikkje noko utslag. Når brytaren blir opna igjen i krets 1, så forsvinn magnetfeltet både i krets 1 og 2. Denne endringa fører til ein indusert straumpuls i motsett retning av den første, som får galvanometeret til å slå ut til motsett side.