natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- fysikk 1
Stopplengde
Vesle Lars glir nedover ein iset grasbakke i ei eske av papp og sklir til ei stopplinje på den flate delen av bakken. Dersom vennen til Lars også set seg i eska slik at massen blir dobbelt så stor, og dei startar frå same høgde i bakken, vil avstanden som eska glir bortover den flate delen bli:
a) mindre
b) den same
c) dobbelt så lang
d) fire gonger såg lang
e) ingen av forslaga over
Faglig forklaring
Svar: b) den same
Dobbelt så stor masse tyder dobbelt så stor normalkraft og derfor dobbelt så stor friksjon, både i skråbakken og på flata. I skråbakken med både tyngd og friksjon proporsjonale med massen, vil akselerasjonen bli den same og farten den same i bunnen av skråbakken. Sidan farten er den same i bunnen av bakken og med friksjonen proporsjonal med massen, blir akselerasjonen (negativ) og stoppavstanden den same.