natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- fysikk 1
Akselerasjon og snorkraft
I begge systema får ei kraft på 10 N kloss A til å akselerere. Akselerasjonen til kloss A er
a) den same i begge system
b) større i ein-klossystemet
c) større i to-klossystemet
Strekket i snora er
d) det same i begge system
e) større i ein-klossystemet
f) større i to-klossystemet
Faglig forklaring
Sjølv om den nytta krafta er den same i dei to systema, er massane til dei to systema forskjellige. I ein-klossystemet blir berre kloss B akselerert. I to-klossystemet blir både kloss A og B akselerert. Dobbelt så stor masse i to-klossystemet gir berre halvparten så stor akselerasjon. Derfor blir akselerasjonen til ein-klossystemet større.
Snorkrafta er 10 N i ein-klossystemet, men ikkje i to-klossystemet (dersom snorkrafta hadde vore 10 N i to-klossystemet, ville nettokrafta på kloss B vore null, altså ingen akselerasjon). Sidan akselerasjonen til to-klossystemet er halvparten, blir også snorkrafta i to-klossystemet halvparten av snorkrafta i ein-klossystemet.