natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Spegelbilete av spegelbilete
Ho står 1 meter framfor ein kommodespegel og ser på blomen i håret sitt i eit lite handheldt spegel som ho held ½ meter bak hovudet.
Kor langt bak kommodespegelen ser ho biletet av blomen?
Faglig forklaring
Svar: 2 meter
2 meter bak kommodespegelen. Kvifor? Fordi biletet av blomen i den handhaldne spegelen ligg like lang bak det vesle spegelen som blomen ligg framfor: ½ meter.
Det vil seie at biletet av blomen vil liggje 1 m + ½ m + ½ m framfor kommodespegelen. Biletet av blomen i kommodespegelen vil liggje akkurat like langt bak denne spegelen: 2 meter.