natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Måneskin på vatnet
Kvifor ser lyset frå sola og frå månen ut som ei søyle (og ikkje ei «vifte») når det blir reflektert frå ei vassflate?
Korleis ville det reflekterte lyset sjå ut dersom vassoverflata var ei perfekt jamn flate?
Faglig forklaring
Dersom vassoverflata hadde vore perfekt jamn, ville vi sett eit spegelbilete av den runde sola eller den runde månen i vassflata. Dersom vatnet er litt uroleg, vil bileta bli litt bølgjete. Dersom vassoverflata er litt meir uroleg, vil vi kunne sjå sola eller månen glimre over og under hovudbiletet av sola eller månen. Det skjer fordi vassbølgjene verkar som ei samling med små flate spegel. Ved enda meir urolege bølgjer, blir det eit større utval av samansette spegelflater i ulike vinklar som reflekterer sollys eller månelys til auga våre. Difor ser lyset ut som det er smurt utover som ein lyskolonne.