natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Diskusjonsoppgave
Passer for
- ungdomstrinn 8-10
Kva for ei kule kjem først?
Spora A og B er laga av like lange stykke av jernskjener. Dei er bøygde på same måte bortsett frå ei lita grop i spor B som vist på figuren. Når kulene blir slopne samtidig frå toppen av spora slik figuren viser, vil kula som først kjem til enden på sporet, følgje
a) spor A
b) spor B
c) Dei kjem til enden samtidig
Faglig forklaring
b) Spor B
Kula som kjem først til enden av sporet, er kula som har høgast gjennomsnittsfart på strekninga. Langs kvart spor har kulene same fart unntatt i gropa på spor B. Farten i kvart punkt i gropa er overalt større enn langs den flate delen av sporet. Større fart i gropa vil seie større gjennomsnittsfart totalt, og kortare tid for ballen for å kome til enden av spor B.