Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Lydfart og radiobølgjer

Grubleoppgave om bølger og lyd: lydfart og radiobølger 1

Anta at under ein konsert blir stemma til ein songar kringkasta rundt til heile verda før denne lyden kjem fram til radioen som du held inntil øyret ditt. Det tek 1/8 sekund. Dersom du er nær nok, vil du høyre stemma gjennom lufta før du høyrer ho gjennom radioen. Men dersom du er langt nok borte, vil begge signala nå deg samtidig.

Kor mange meter frå songaren må du vere før dette skjer?

Grubleoppgave om bølger og lyd: lydfart og radiobølger 2

Faglig forklaring

Dersom du sit 42,5 m frå songaren, så vil lyden som gjennom radioen er kringkasta rundt heile jorda, og lyden som kjem gjennom lufta, nå deg på same tid, det vil seie etter 1/8 sekund. Avstanden i lufta = lydfarten x tida i lufta = 340 m/s  x 1/8 s = 42.5 m.

Dersom du sit lenger borte, vil du høyre radiolyden før du høyrer lyden gjennom lufta.

 

grubleoppgave om svigninger bølger og lyd: lydfart og radiobølger 3