Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kva gjer bia med blomen?

Om pollinering, befruktning og spiring.

 

1.11 Pollinate, fertilise or germinate NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Del ut ein blome til kvar elevgruppe. Be dei dissekere blomen forsiktig og sjå på dei ulike delane han er bygd opp av. Be dei sette namn på så mange delar som dei klarar. La dei bruke bøker eller Internett til å finne ut funksjonen til dei ulike delane. 

Vis ein film av bie som besøker ein blom. Spør: Kva trur de skjer når eit insekt besøker ein blom? Korleis trur de at pollen blir overført i blomar som ikkje tiltrekker seg insekt, som hos gras?

Be elevane teikne korleis frø blir danna i ein blom og forklare pollinering, befruktning, spredning og spiring.  

Faglig forklaring

Mange blomar lagar søt nektar for å tiltrekke seg insekt. Når insekt dyttar seg inn i blomen for å sanke nektar, vil dei samtidig få med seg pollen på kroppen og overføre det til andre blomar som dei besøker. Bier vil også sanke nektar for å ete han, fordi han er full av protein. Pollenkorn inneheld mannlege kjønnsceller som må overførast frå ei plante til ei anna. Pollinering vil vanlegvis vere overføring av pollen frå dei mannlege delane av ei plante til dei kvinnelege delane (arret) av ei anna plante. Frå pollenkornet veks det ein pollenslange ned til eggcella og befruktar denne. Det befrukta egget utviklar seg til eit frø, og nokre gongar utviklar det seg ei frukt rundt frøet. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut (KM801)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Tverrfaglige temaer

  • Bærekraftig utvikling (TT3)

Materialer og utstyr

einfrøblada planter som tulipan eller påskelilje
kniv eller skalpell

Nettressurser