natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Pusting eller respirasjon?
Er pusting og respirasjon det same?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Si: Kva trur de skjer med lufta som vi pustar inn? Kvifor treng vi å puste ut? Kva skjer dersom vi stoppar å puste? Be elevane notere det dei trur, og så bruke Internett og bøker for å sjekke svara sine. Spør: Er det nokon forskjell på å puste og respirere? Korleis kan nokre organismar (for eksempel gjær) klare seg utan oksygen?
Be elevane lage eit flytskjema eller ei oversikt for å vise korleis gassar flyttar seg inn og ut av kroppen og rundt inni kroppen.
Faglig forklaring
Respirasjon er eit ord som blir bruka på to ulike måtar. Innafor helse og fysiologi betyr det transport av oksygen frå utsida av kroppen og til cellene og transport av karbondioksid i motsett retning. Vi trekker luft inn i lungene når mellomgolvet og musklane mellom ribbeina trekker seg saman og utvidar brystkassa. I lungene går oksygen over i blodet og blir frakta med dei raude blodcellene ut til cellene i kroppen. Karbondioksid frå celleandinga i cellene blir frakta med blodet tilbake til lungene, og går der over til lungeblærene og blir pusta ut. Pusting er berre en del av respirasjonsprosessen, ikkje heile.
I andre biologidisiplinar kan respirasjon ha ei anna meining. Det kan referere til cellerespirasjon eller celleanding som er ein kjemisk prosess i plante- og dyreceller. I dei fleste situasjonar betyr dette oksygen som blir kombinert med sukker og energi blir frigitt. I denne reaksjonen blir det laga karbondioksid som må skiljast ut. Fjerning av avfallsstoffet karbondioksid er også ein form for ekskresjon.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
- Kropp og helse (KE71)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for hvordan fotosyntese og celleånding gir energi til alt levende gjennom karbonkretsløpet (KM805)
-
7. trinn
- gjøre rede for noen av kroppens organsystemer og beskrive hvordan systemene virker sammen (KM827)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)