natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Kvifor fordøyar vi maten?
Kva skjer eigentleg med maten vi et?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
La elevane dele med kvarandre to og to det dei veit om fordøyelsessystemet. Snakk saman om korleis og kvifor enkle organismar fordøyer maten sin. Undersøk korleis for eksempel fluger og sopp et, og korleis dei brukar fordøyelsesenzym, og diskuter korleis dette kan hjelpe for å forstå kva som skjer i menneskets fordøyelsessystem. Spør: Dersom magen vår produserer fordøyelsesenzym, kvifor fordøyer ikkje magen seg sjølv?
Be elevane lage ein teikneserie for å vise kva som skjer med eit eple dei et.
Faglig forklaring
Menneskets fordøyingssystem har to opningar: munnen og anus. Ingenting av det som går ut gjennom anus er nyttig for oss. Hensikta med fordøyinga er å bryte ned mat slik at han blir oppløyseleg og liten nok til å gå gjennom overflata til tarmen og inn i blodbanen. Mekanisk fordøying begynner når maten blir kutta i små bitar av tennene våre. Kjemisk fordøying skjer inni fordøyingskanalen, og startar i munnen ved hjelp av spytt. Fordøyingsenzym bryt ned maten til dei enkelte molekyla. Desse molekyla er små nok til å gå gjennom overflata i tarmen og inn i blodbanen. Blodet fraktar den fordøyde maten til alle cellene i kroppen, der han blir brukt som energikjelde, til vekst, reparasjon og celleerstatning og til andre cellefunksjonar. Magesyre hjelper også til med å øydelegge bakteriar, men nokre giftstoff blir ikkje brotne ned og kan gjere oss sjuke.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Kropp og helse (KE71)
Kompetansemål
-
7. trinn
- gjøre rede for noen av kroppens organsystemer og beskrive hvordan systemene virker sammen (KM827)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)