natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Musklar og bevegelse
Korleis kan vi bevege oss?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane kjenne musklane i overarmen sine og løfte opp armen som ein vektløftar. Be dei legge merke til bicepsen som blir tjukkare og kortare. Studer ein oversikt over musklane og knoklane i armen, og legg særleg merke til triceps og biceps. Snakk saman om kva som skjedde med tricepsen når dei løfta opp armen. Diskuter kva som ville ha skjedd dersom vi ikkje hadde hatt knoklar i armen. Spør: Kor mange muskelpar kan de finne som sit fast i knoklane i armen? Kjøttet i kjøttdisken er først og fremst musklar. Kvifor trur de at musklar er så raude?
Be elevane om å teikne skisser for å forklare kva musklane gjer for å bevege armen opp og ned.
Faglig forklaring
Skjelettet i eit dyr har tre funksjonar; støtte opp kroppen, beskytte vitale organ som hjernen, hjartet og lungene, og hjelpe til med bevegelse. Ledda i skjelettet gjer at dyret kan bevege seg, men dei forårsakar ikkje bevegelsen. Det er jobben til musklane og knoklane. Musklar arbeider ved å trekke seg saman og slappe av. Musklar kan berre løfte opp ein knokkel, dei kan ikkje dytte knoklane tilbake. På grunn av dette er musklane nesten alltid organisert i par, noko vi kallar antagonistiske muskelpar. Den eine muskelen trekker seg saman for å dra knokkelen ein veg, mens den andre muskelen (antagonisten) er avslappa. For å bevege knokkelen den andre vegen, trekker den andre muskelen seg saman, mens den første er avslappa.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Kropp og helse (KE71)
Kompetansemål
-
4. trinn
- beskrive hvordan muskler og skjelett fungerer, og knytte dette til bevegelse (KM766)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)