Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Antibiotikaresistente bakteriar

Kva er antibiotikaresistens? 


Antibiotikaresistente bakteriar

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Spør elevane kva dei veit om kva for sjukdommar bakteriar kan gi. Spør: Kan alle sjukdommar som er forårsaka av mikroorganismar bli kurert med medisin? Kva betyr det at bakteriar er multiresistente?

Be elevane tenke seg korleis livet ville ha vore utan medisinar og prøve å finne ut korleis livet var før antibiotikaen blei oppdaga. 

Spør: Kva for råd vil du gi ein bonde som har grisar og som planlegg å bruke antibiotika i maten deira for å hindre at dei blir sjuke? Be elevane samarbeide to og to om å lage ei kort informasjonsbrosjyre.

Faglig forklaring

Antibiotikaresistens kjem av at mikroorganismar muterer slik at dei blir motstandsdyktige (resistente) mot medisinen som skal bekjempe dei. Mikroorganismar uten mutasjon blir drept av medisinen, men dei som har mutasjonen vil overleve og formere seg. Mutasjonen kan føre til at heile populasjonen blir motstandsdyktig over ein ganske kort periode. Nokre mikroorganismar kan ha fleire resistensgen mot ulike medisinar. Desse kallar vi multiresistente. Forskarar utviklar nye medisinar for å motverke problemet med antibiotikaresistens, men å prøve ut nye medisinar tar mange år. Mikroorganismar kan mutere og utvikle seg over nokre få år. Uansett kva for medisinar som blir laga, så vil mikroorganismar utvikle seg til å bli resistente. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Kropp og helse (KE71)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • beskrive kroppens immunforsvar og hvordan vaksiner virker, og gjøre rede for hva vaksiner betyr for folkehelsen (KM809)
    • Vg1 HS
      • drøfte aktuelle helse- og livsstilspørsmål og vurdere pålitelighet i informasjon fra ulike kilder (KM687)
      • drøfte hvilken betydning mikroorganismer har for kropp og helse (KM698)
    • Vg1 SF
      • drøfte aktuelle helse- og livsstilsspørsmål og vurdere pålitelighet i informasjon fra ulike kilder (KM760)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Tverrfaglige temaer

  • Folkehelse og livsmestring (TT1)

Bakgrunnsstoff