natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Solur
Korleis verkar eigentleg eit solur?
Vis grubleteikninga til elevane.
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane teikne opp skuggane som sola lagar gjennom dagen og markere dei fire himmelretningane på teikninga. Be dei samanlikne skuggemønsteret med timane på eit solur. Spør: Kva for veg ser det ut som at sola beveger seg over himmelen på den nordlege og den sørlege halvkula? Be elevane teikne ei skisse av sola, jorda og soluret ditt på ulike stadar på jorda. Spør: Kva vil endre seg på soluret ditt? Be elevane undersøke ulike bilde av solur. Be elevane om å teikne ei skisse for å vise kvifor skuggelengda endrar seg gjennom dagen.
Spør: Kva for veg vil tala gå på eit solur som du kan bruke på ekvator?
Faglig forklaring
Korleis sola tilsynelatande beveger seg over himmelen er avhengig av kvar du er. Dersom sola er sør for deg gjennom dagen, ser det ut som at ho beveger seg med klokka over himmelen, frå aust via sør til vest. Dersom sola er nord for deg gjennom dagen, ser det som at ho beveger seg mot klokka over himmelen, frå aust via nord til vest. Skuggar på jordoverflata eller på eit solur følger det same mønsteret som solas tilsynelatande bevegelse, slik at dette både kan vere med og mot klokka avhengig av kvar på jorda det er. Rekkefølgen på tala på eit solur må gå med klokka på den nordlega halvkule og mot klokka på den sørlege halvkule.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)