natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Kva slags bleier bør vi bruke?
Bør vi vaske eller kaste bleier?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
La elevane skjære opp ei eingongsbleie. Be elevane finne ut kva slags materiale som blir brukt for å lage ei eingongsbleie. Kva for råmateriale blir brukt, energiforbruk, vassforbruk og avfallshandtering. Be dei lage ein tabell for å samanlikne tøy- og eingongsbleier. Be dei lage ein undersøkelse om kva type bleier folk kjøper og kvifor dei vel dette.
Be elevane lage ei brosjyre til ferske foreldre som skal bestemme seg for bleietype. Test brosjyra på nokre foreldre.
Faglig forklaring
Bleier er viktig i oppveksten. Eitt barn kan ha opptil 6000 bleieskift. Eingongsbleier er praktiske og enkle å bruke, men dei er ressurskrevjande og gir mykje søppel. Det tar mange år å bryte dei ned. Tøybleier må vaskast og tørkast. Dette er både arbeids- og energikrevjande. Alt i alt krev ofte tøybleier meir energi enn eingongsbleier. Men ved å vaske dei ved 60 °C og lufttørke dei, blir energibruken redusert slik at tøybleier blir betre enn eingongsbleier.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)
Materialer og utstyr
eingongsbleier