natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Korleis brukar vi arealet best?
Kva bør jorda brukast til?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva kan eit landareal blir brukt til? Tenk tilbake på eit land du har vore på tur til. Kva for ulike ting blei landareala brukt til? La elevane to og to skrive ned ei liste over det dei kjem på og ha ein felles oppsummering til slutt. Spør: Er det forskjell på kva for land eller kontinent de var i?
Be elevane bruke Internett for å finne ut om det er for lite landareal til å bygge hus, ha husdyr eller for å dyrke biodrivstoff. Spør: Kvifor er det viktig at noko landareal ikkje blir brukt av menneske?
Be elevane tenke seg eit landareal i nærområdet som er tilgjengeleg. Del elevane inn i grupper som ønsker ulik bruk av landarealet. Spør: Korleis kan de overbevise dei andre om at standpunktet dykkar er viktigst?
Faglig forklaring
Vi brukar landareal til mykje forskjellig, og areala er viktige for andre levande organismar også. Dersom jorda er god nok til å produsere mat, er det mest næringseffektivt å dyrke avlingar. Dersom jorda er meir næringsfattig, er det betre å bruke ho til beite for dyr som gir oss kjøt og mjølk. Å produsere biodrivstoff dekker eit energibehov og reduserer bruk av fossilt drivstoff. Det er viktig å bygge boligar for folk, men når eit areal først er utbygd, er det vanskeleg å endre det tilbake. Det er også viktig for miljøet å ha naturlege leveområde for planter og dyr. Kva som er viktigst kjem an på kvar i verda vi er.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold (KM810)
-
Vg1 NA
- undersøke problemstillinger knyttet til arealbruk, gjøre rede for hvordan endringer kan påvirke økosystemer, og foreslå bærekraftige løsninger (KM686)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)