natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Er biodrivstoff nyttig?
Er det miljøvenleg å fylle biodrivstoff på tanken?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva er biodrivstoff? Trur de at biodrivstoff er energisparande? Kan det å dyrke biodrivstoff auke matprisane?
Faglig forklaring
Biodrivstoff er laga av planter og avfall. Det er eit alternativ til fossilt drivstoff, så biodrivstoff kan redusere forbruket av fossilt drivstoff. Biodrivstoff frigir karbondioksid når det brenn, men det har tatt opp karbondioksid da det vaks, vi seier at det er karbondioksidnøytralt. Det kan også forureine ein del, noko i like stor grad som olje og kol. Det er komplisert å rekne på kostnadane til biodrivstoff. Avlingar til biodrivstoff kan ha blitt gjødsla eller sprøyta, og maskinane som haustar inn treng drivstoff. Alt i alt vil mengda av fossilt drivstoff ikkje bli redusert så mykje. Forskarar prøvar å finne nye biodrivstoff som kan bli laga med lite energi, som forureinar lite og som ikkje treng store landområde for å dyrkast.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
- drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Bærekraftig utvikling (TT3)