natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- kjemi 1
- kjemi 2
Korleis er periodesystemet organisert?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
La elevane undersøke periodesystemet. Be dei sjå på tala til grunnstoffa for å sjå etter mønster. Be dei undersøke historia til periodesystemet, ved å lese Grunnstoffenes periodiske system og søke vidare på internett. Spør: Kven laga det første periodesystemet?
Sei: I dag er grunnstoffa ordna etter atomnummer, ikkje etter atommasse. Kva er forskjellen? [atomnummer viser kor mange proton atomet har, atommassen viser gjennomsnittleg masse til eit atom, det vil seie summen av proton- og nøytronmassen]
Be elevane velje fem grunnstoff frå ulike stadar i periodesystemet, og prøve å forklare korleis atomnummeret og atommassen påverkar eigenskapane til kvart grunnstoff.
Faglig forklaring
I 1869 lagde den russiske kjemikaren Dmitri Mendelejev eit periodesystem som liknar på det vi brukar i dag. Han forsøkte å organisere grunnstoffa som allereie var oppdaga etter massen til det enkelte atom (atommassen). Han såg at nokre grunnstoff hadde like eigenskapar, og han ordna grunnstoffa med like eigenskapar i kolonner. Han føresåg at ikkje alle grunnstoff var oppdaga, så han let det vere tomme plassar og føresåg kva for eigenskapar dei uoppdaga grunnstoffa skulle ha. Etter kvart som fleire grunnstoff vart oppdaga, viste føreseiingane hans å vere rette.
Andre forskarar har bruka periodesystemet til å utvikle modellar for å forklare strukturen til kvart grunnstoff. Dei har identifisert organiseringa av nøytron, proton og elektron i kvart grunnstoff for å forklare korleis dei reagerer. I dag er grunnstoffa ordna etter atomnummer, ikkje etter atommasse.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)