natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- kjemi 1
- kjemi 2
- teknologi og forskningslære x og 1
- teknologi og forskningslære 2
Kva er smarte materiale?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva veit de om smarte materiale? La elevane søke på internett for å finne ut kva det er og kva slike materiale kan gjere. Spør: Kva kan vere nytten av slike materiale og på kva måtar er slike materiale annleis enn vanlege materiale? Dersom du skulle finne opp eit smart materiale som kunne gjere kva som helst, kva skulle det gjere? Bruk tenk-par-del
Be elevane lage ein tabell over smarte materiale, kva dei reagerer på og korleis dei reagerer.
Faglig forklaring
Smarte materiale er en type materiale med spesielle eigenskapar. Nokre eigenskapar kan endre seg når det ytre miljøet endrar seg. For eksempel endrar termokrome materiale farge dersom temperaturen endrar seg, som når du heller varm te i eit krus. Fotokrome materiale endrar farge dersom lysnivået endrar seg, som briller som blir mørkare i sollys. Smarte materiale kan reagere på å bli most eller strekt, eller på fukt, pH, elektrisk felt, magnetisk felt osv. Dei kan endre volum, form, viskositet, leiingsevne eller andre eigenskapar. Mange moderne gjenstandar brukar smarte materiale.
Nanopartiklar skil seg frå smarte material. Nanopartiklar er veldig små samlingar av atom eller molekyl som også har uvanlege eigenskapar. Desse eigenskapane er forårsaka av at dei er så små, fordi dei har ei stor overflate samanlikna med volumet. Dette gjer at nokre av eigenskapane til det enkelte atomet blir viktig, og dette kan påverke ting som elektrisk leiingsevne, absorpsjon av sollys og smeltepunkt. Dei blir ofte bruka til å gjere andre materiale sterkare eller få ei solid overflate.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Teknologi (KE68)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske, lage og programmere teknologiske systemer som består av deler som virker sammen (KM773)
-
Vg1 BA
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM705)
-
Vg1 EL
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM712)
-
Vg1 TP
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM718)
-
Vg1 FD
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM725)
-
Vg1 DT
- utforske og presentere teknologi knyttet til eget utdanningsprogram og vurdere den i et bærekraftsperspektiv (KM746)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)