Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Kor reaktivt er gull?

 

4.11 Hvor reaktivt er gull NN  

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane lage ei liste over ting som er laga av gull. Be dei søke etter når dei eldste gullgjenstandane vi kjenner til er laga. Snakk saman om kva slags gjenstandar folk laga av gull for tusenvis av år sidan, og samanlikn desse med gjenstandar som folk laga av jern og bronse. Spør: Kvifor trur de at gull har blitt bruka i hundrevis av år for å lage kroner og kunstige tenner? 

Be elevane skrive ein kort tekst der ein gullsmed fortel til ein kunde kvifor gull er eit godt val for gifteringar. 

Faglig forklaring

Gull er eit av få materiale som vi finn naturleg på jorda. Dei fleste metalla blir funne som sambindingar som vi kallar malm, slik som jernoksid og blysulfid. Denne malmen treng å bli omarbeidd for å vinne ut reint metall. Spenningsrekka sett metall i ei rekke ut frå kor reaktive dei er, med det mest reaktive øvst. Dei mest reaktive metalla reagerer raskt og nokre gonger valdsamt med vatn, eller oksiderer raskt i luft. Vidare er det metall som ikkje reagerer med vatn, men som reagerer med syrer. Under dei kjem metall som berre reagerer med veldig sterke syrer. Gull er veldig lite reaktivt og kjem nedst i rekka, saman med platina. Det reagerer med ei blanding av konsentrert saltsyre og salpetersyre, og med halogen. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
      • utforske og beskrive hvordan noen stoffer kan endre seg når de blandes med andre stoffer (KM799)
    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
    • Vg1 SF
      • drøfte hvordan utvikling av naturvitenskapelige hypoteser, modeller og teorier bidrar til at vi kan forstå og forklare verden (KM813)
      • utforske og gjøre rede for sammenhenger mellom kjemiske bindinger og egenskaper til ulike stoffer (KM815)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs