natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- kjemi 1
- kjemi 2
Tal i kjemiske likningar
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Snakk saman om kva tala i ei kjemisk likning betyr. Bruk periodesystemet. Spør: Korleis trur de at forskarar veit kor mange atom som inngår i ei likning når atom er altfor små til at vi kan sjå dei?
Be elevane lage ein modell eller skisse av atoma som inngår i ei likning for å forklare likninga til nokon andre.
Faglig forklaring
Grunnstoff består av ein type atom. Atom kan binde seg saman og lage meir komplekse molekyl. Grunnstoffa er lista opp i periodesystemet. På grunn av plasseringa til elektrona i kvart atom vil atoma reagere med kvarandre på bestemte måtar. For eksempel er kvart vassmolekyl ei sambinding av to hydrogenatom og eitt oksygenatom, som gir formelen H2O. Når magnesium brenn, får vi magnesiumoksid. Kvart magnesiumatom bind seg til eitt oksygenatom og dannar magnesiumoksid, MgO. Kjemiske reaksjonslikningar må balanserast for å vere riktige. Det vil seie at det må vere det same talet av kvart atom på kvar side. Oksygen i lufta finn vi som molekyl som består av to oksygenatom som er bundne saman, med formelen O2. Vi må derfor vise at eitt oksygenmolekyl (to oksygenatom) reagerer med to magnesiumatom for å danne to magnesiumoksid. Dei små tala viser kor mange atom det er i kvart molekyl, og dei store tala viser kor mange molekyl det er.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)