natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Går lyd gjennom vatn?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kan de høyre noko dersom folk lagar lydar under vatn når de svømmer? Kan de høyre noko dersom folk lagar lydar på land? Sei: Kvalar lagar lydar under vatn. Spel av lyden av kvalsong. Spør: Kvifor trur de at kvalane syng? Trur de at kvalane har øyre?
Sei: Fisk har indre øyre, og dei registrerer også vibrasjonar ved hjelp av eit sidelinjeorgan langs sidene. Be elevane teikne ei skisse over korleis dei ser for seg at dette sidelinjeorganet hjelper fisken å overleve.
Faglig forklaring
Lyd kjem av vibrasjonar som går gjennom noko. Vibrasjonane blir overført frå partikkel til partikkel, slik at lyden kan bevege seg gjennom kva som helst der partiklane er nære nok til å overføre vibrasjonane. Luftpartiklar er nære nok kvarandre til å gjere dette. Partiklar i ei væske eller eit fast stoff er nærare kvarandre, slik at dei lettare overfører vibrasjonane.
Når ein lyd i lufta når vatn, er det ikkje lett for vibrerande luftpartiklar å overføre energi til vasspartiklane. Lyd går ikkje lett frå luft til vatn, så det er vanskelegare for lyden å nå fisken i vatnet. Men lyd beveger seg så godt i vatn at kvalar kan kommunisere med kvarandre over tusenvis av kilometer ved hjelp av lyd.
Fisk har indre øyre, og dei registrerer også vibrasjonar ved hjelp av eit sidelinjeorgan langs sidene.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Teknologi (KE68)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)