natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva gjer doble vindaugsglas med lyden?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Bruk ein dataloggar for å måle kor godt lyden går gjennom eitt, to eller tre lag med glas, og gjennom glaslag som har luft mellom laga. Be elevane finne ut meir om doble vindaugsglas på internett. Sei: Nokre gonger vi det meste av lufta bli fjerna frå mellomrommet mellom glasa. Kva for forskjell trur det dette vil ha for kor mykje lyd vi hører?
Be elevane teikne eit dobbelt vindaugsglas og bruke farga piler for å vise korleis energi blir overført når ein lyd treff vindauget.
Faglig forklaring
Når lydbølger treff eit stykke glas, overfører dei energi og får glaset til å vibrere. Nokre av lydbølgene blir reflekterte av glaset. Nokre av lydbølgene gjer at glaset blir litt varmare. Resten av vibrasjonen går gjennom glaset og gjer at lufta på den andre sida vibrerer. I doble vindaugsglas må lyden gjere dette to gongar, slik at meir energi blir reflektert eller overført til varme i glaset. Lufta som er fanga og glaslaga verkar som lydisolatorar. Triple vindaugsglas, eller å fjerne lufta mellom glaslaga, vil i enda større grad halde lyden ute. Eit tjukt glaslag vil ikkje vere like effektivt som dobbelt lag. Reflekterande glas let lyden gå gjennom. Sjølv med doble glas vil noko av lyden gå gjennom vindaugskarmen.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
-
Vg1 IM
- utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
-
Vg3 Påbygging
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
ark
fargar