natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Har varmeisolasjon noko med lydisolasjon å gjere?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
La ein elev ha på seg eit par øyrevarmarar. Spør: Trur de at øyrevarmarane held øyra varme? Trur de at vi kan høyre godt gjennom dei? La elevane bruke lydsensor og termometer for å samanlikne isoleringsevna til ulike materiale. La dei også undersøke om materiala leier straum. Spør: Er det noko mønster i isoleringsevna til ulike materiale? Er det unntak frå mønsteret? Korleis er det med isoleringsevna til vakuum?
Be elevane gi eit praktisk råd til nokon som ønsker å lage eit lydtett musikkstudio og begrunne rådet.
Faglig forklaring
Luft er ein god varmeisolator. Dei fleste varmeisolatorar verkar ved å fange mykje luft i lommer, bobler eller lag. Pels og ull held oss varme på denne måten. Ein lydisolator stoppar lydbølger fordi han absorberer eller reflekterer vibrasjonanen til lydbølgene. Mjuke eller grove materiale vil ofte absorbere lydvibrasjonar, og også materiale som har fanga inn mykje luft (som doble vindaugsglas). Mange varmeisolatorar er derfor også lydisolatorar. Men nokre materiale med stor tettleik (som tre) kan vere varmeisolatorar, men leier lyd veldig godt.
Gode elektriske isolatorar let ikkje straumen gå gjennom på grunn av måten partiklane oppfører seg. Materiale som er gode lydisolatorar er ofte, men ikkje alltid, elektriske isolatorar. Stålull kan vere ein god lydisolator, men leier straum. Vakuum hindrar dei fleste energioverføringar, men stoppar ikkje elektromagnetisk stråling.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Teknologi (KE68)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger (KM832)
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
-
7. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
-
Vg1 BA
- undersøke egenskapene til ulike materialer og overflatebehandlinger og vurdere bruk av disse i et bærekraftsperspektiv (KM706)
-
Vg1 DT
- undersøke egenskapene til ulike materialer og overflatebehandlinger og vurdere bruk av disse i et bærekraftsperspektiv (KM749)
-
Vg1 IM
- utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
-
Vg1 TP
- undersøke egenskapene til ulike materialer og overflatebehandlinger og vurdere bruk av disse i et bærekraftsperspektiv (KM742)
- undersøke og vurdere ulike metoder for lagring og overføring av energi (KM743)
-
Vg3 Påbygging
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
øyrevarmar
lydsensor
termometer
ulike materiale (ull, bomull, bobleplast, mineralull, isopor)