natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
Kvifor er det varmare om sommaren?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Vis ein modell av sola og jorda der sola er ei lommelykt og jorda er ei isoporkule med ein blomsterpinne gjennom midten. Fest eit merke for å markere omtrent kor Noreg er. Lys med lykta og roter eplet for å vise årstidene. Hald blomsterpinnen litt på skrå. Spør: Er det sommar og vinter på same tid overalt på jorda? Har hellinga til jorda noko å seie? Korleis endrar daglengda og kor høgt sola står på himmelen seg gjennom året? Endrar energimengda frå sola seg gjennom året? Er det nokre plassar det er kaldt heile året? Kvifor trur de det er varmt heile året ved ekvator? Bruk tenk-par-del
Sei: Temperaturen aukar ikkje på sommaren på grunn av at sola kjem nærmare eller lagar meir energi. Dersom dette hadde vore grunnen ville heile jorda hatt sommar samtidig, og slik er det ikkje. Jorda går rundt sola i ei nesten rund bane. Jorda roterer mens ho står litt på skrå, ho hallar med 23 °. Når det er sommar på den nordlege halvkula, hallar jorda med den nordlege halvkula mot sola, slik at sollyset treff overflata frå ein rettare vinkel og solstrålinga er meir konsentrert. Hellinga betyr også at dagane blir lengre, slik at luft, vatn, jord og bygningar absorberer meir energi gjennom dagen og gjer omgivnadane varmare.
Be elevane forklare modellen for kvarandre to og to.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
7. trinn
- beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
lommelykt
isoporkule
blomsterpinne