natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- fysikk 2
Korleis verkar brilleglas?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Gjer rommet mørkt. Lag ein tynn lysstråle ved lyse med ei lommelykt gjennom ei lita åpning i eit stykke svart kartong. Lys strålen gjennom ulike linser. Før kvar linse, spør: Kva trur det skjer med lysstrålen? Be elevane teikne skisser for å vise kva som skjer. Spør: Kva for linser korrigerer for å vere nærsynt? [konkave] Og langsynt? [konvekse] Bruk tenk-par-del . Spør: Kvifor fokuserer konvekse linser og konkave speglar, men ikkje konkave linser og konvekse speglar?
Sei: For å fokusere lys inn mot eit lite punkt treng vi ei konveks linse som er tjukk på midten og tynn i kanten. Langsynte personar bryt ikkje lyset nok i auga. Ei konveks linse i brilla bøyer lysstrålane innover noko før dei treff auget, slik at bildet på netthinna blir skarpt. Nærsynte personar bøyer lyset for mykje. Dei treng ei konkav linse i brilla som bøyer lysstrålene utover, slik at bildet blir fokusert på netthinna. Du kan tenne opp eld med briller som er til langsynte, men ikkje med briller som er til nærsynte. Den konvekse linsa fokuserer infraraud stråling i tillegg til synleg lys, og den infraraude strålinga gjer ting varme og kan tenne opp eld.
Be elevane lage ein plakat som optikarar kan bruke for å forklare kunder korleis briller hjelper til med å korrigere dersom dei er nærsynte eller langsynte.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
lommelykt
svart kartong
ulike linser