natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Blir straumen brukt opp i ein krets?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane kople ein krets med to lyspærer i serie. Spør: Kva trur de vil skje viss de legg til ei lampe i kretsen? Bruk tenk-par-del. Be elevane teste det ut. La dei bruke eit amperemeter for å måle straumen på ulike stadar i kretsen. Sei: Juletrelys blei kopla i serie tidlegare. Kvifor trur de at dette blei endra?
Sei: For at ei lyspære skal lyse, må ho vere del av ein lukka krets. Dette gjer at elektrona kan gå rundt i kretsen og overføre energien frå spenningskjelda til lyspæra. Kvar del av kretsen hindrar straumen, og denne motstanden bestemmer kor stor straum som går ved ei viss spenning. Straumen går i ei retning. Forskarar meinte tidlegare at positiv ladning gjekk frå den positive enden av batteriet mot den negative. I dag meiner dei at negative ladningar (elektron) går frå den negative enden mot den positive. Når dei ulike delane av kretsen er kopla i serie, kan elektrona berre gå ein veg og gjennom alle lyspærene. Det er like stor straum som går gjennom kvar lyspære, så dei har fått overført like mykje energi og lyser dermed like mykje. Dersom ei av pærene går i stykker, vil ikkje elektrona gå i kretsen og ingen av lyspærene vil lyse.
Be elevane lage ein tabell som viser fordelar og ulemper av å bruke serie- eller parallellkopling heime.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
lyspærer
lableidningar