natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva skjer viss du brekker ein magnet?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Demonstrer for elevane: Sag delvis gjennom ein jernspikar. Gjer han til ein magnet ved å stryke over han med ein magnet. Bruk han til å plukke opp binders. Brekk så spikaren i to og undersøk korleis dei to delane verkar. Sett saman to slike spikrar slik at endane heng seg saman. Spør: Kva for eigenskapar har denne doble magneten?
Forklar for elevane: Magnetisk materiale, som for eksempel jern, har område (domene) med atom som har magnetiske eigenskapar. Bevegelsen til elektrona i desse domena lagar eit magnetisk felt, og desse områda blir som små magnetar. Viss alle desse domena blir ordna i same retning, blir heile materiale ein magnet. Magnetar kan bli laga ved å stryke ein sterk magnet over eit jernstykke. Da blir alle domena i jernet ordna i same retning. Viss domena ikkje blir ordna i same retning, blir det ingen magnet eller magneten blir svak. Det å dele ein magnet i to endrar ikkje måten domena er ordna på, så kvar halvdel verkar som ein magnet. Men det er færre domene i kvar halvdel, så kvar del blir svakare enn heile magneten. Dei magnetiske domena har kvar sin nord- og sørpol, så det er ikkje mogleg å ha berre ein pol.
Sei: Forskarar undersøker korleis dei kan lage små magnetar av berre eitt atom. Be elevane undersøke meir om dette og finne kreative måtar å bruke slike nanomagnetar på.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
magnet
jernspikar
baufil