natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
- teknologi og forskningslære x og 1
- teknologi og forskningslære 2
Varierer styrken til brua?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Vis eit bildesøk på Google etter steinbruer.. Spør: Korleis er desse konstruert? La elevane bygge bruer med ulike former for å finne ut kva form som er sterkast. Spør: Viss nokre former er sterkare enn andre, kvifor har ikkje alle bruker den same forma? Bruk tenk-par-del.
Forklar til elevane: Bua bruer har vore konstruert i tusenvis av år. Bueformen er veldig sterk. Nokre av steinane er kileforma og lagde med den tjukkaste enden opp. Vekta til det som er oppå brua dyttar dei saman, låser dei fast og gjer brua enda sterkare. Forma overfører vekta av bilane til bakken. Viss brua verkeleg blir overbelasta, kan steinane bli knuste. Viss mange steinar knuser, bli brua svakare og kan kollapse. Moderne bruer er gjerne bygde i stål og armert betong som har andre eigenskapar enn stein. Dette gjer at andre former blir brukte.
Spør: Korleis overfører andre brutypar krefter ned i bakken? Be elevane teikne skisser for å vise korleis ulike brutypar kan tåle ei last.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Teknologi (KE68)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)