natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Blir ei væske kaldare når vi rører i ho?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Vi kan blåse på hendene om vinteren for å varme dei. Korleis kan det å blåse på varm drikke kjøle ho ned? Bruk tenk-par-del.
Forklar til elevane: Partiklane i ei varm drikke har mykje energi og beveger seg raskt rundt. Når dei beveger seg, varmar dei opp omgivnadane og overfører noko av denne energien. Jo kaldare lufta rundt dei er, jo raskare overfører dei energien til lufta. Væska i overflata overfører noko av energien sin til luftpartiklane som er over væska, og dette gjer væska kaldare og lufta varmare. Da vil farten til energioverføringa bli saktare. Å røre i drikka flyttar dei kaldare væskepartiklane vekk frå overflata, og det flyttar varmare væskepartiklar opp til overflata. Det flyttar også varmare partiklar i lufta vekk frå væskeoverflata og erstattar dei med kaldare luft. Dette betyr at den rørte væska kan overføre meir av energien sin til lufta, slik at drikka raskare blir avkjølt.
Spør: Kva form vil minimere energioverføringa og gjere at ei drikke held seg varm lenger? Be elevane designe ein kaffekopp ut frå ideane sine.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)