natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kan energi bli borte?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kvifor er det viktig å skru av lyset når vi ikkje brukar det? Be elevane finne ut kor mykje energi ulike lyspærer brukar og kor mykje dei kostar ved bruk per time. Kvifor kallar vi nokre lyspærer for energisparande? Kva meiner vi med energibevaring?
Forklar til elevane: Energi kan ikkje oppstå eller forsvinne, han blir berre overført frå ein stad til ein annan. Når han blir overført, kan han gjere ein jobb for oss. I dette tilfellet er jobben å lyse slik at vi kan sjå. Den energien som ei lampe strålar ut rett for ho blir skrudd av, er ikkje borte. Noko av energien går ut i rommet som lysenergi, men mesteparten blir absorbert av omgivnadane, slik at dei blir litt varmare. Kraftverket overfører energi frå for eksempel fossilt brensel eller vannkraft til elektrisitet, men det skapar ikkje energi. Å skru av lyset gjer straumrekninga lågare, men det finst andre viktige grunnar for å spare straum. Rundt i verda blir mykje elektrisitet generert frå fossilt brensel, og dette avgir CO2 som skapar problem når det blir sloppe ut i atmosfæren. Å redusere kor mykje elektrisitet vi brukar vil redusere kor mykje CO2 vi lagar.
Be elevane lage ein plakat for å oppfordre folk til å spare straum.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
- drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
-
Vg1 EL
- bruke begrepene vekselstrømteknologi, likestrømsteknologi, energilagring og virkningsgrad for å beskrive og drøfte metoder for bærekraftig energiproduksjon (KM714)
-
Vg3 Påbygging
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)