natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
- teknologi og forskningslære x og 1
- teknologi og forskningslære 2
Får vi all elektrisitet gjennom å brenne drivstoff?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: På kva for måtar kan vi lage elektrisitet? Snakk saman om kva som er energikjelda i dei ulike metodane. Bruk tenk-par-del. Be elevane teikne ei skisse for kvar metode for å vise viktige i steg i prosessen for å lage elektrisitet. Spør: Korleis kan vi få energi frå sola som er millionar av kilometer unna?
Forklar til elevane: Mange kraftverk brenn drivstoff for å gjere vatn til vassdamp som igjen blir brukt til å rotere turbinar og generere straum. Kjernekraftverk er annleis. Dei brukar kjernereaksjonar i radioaktive stoff som uran og plutonium til å generere straum. Kjernereaksjonar er ikkje som forbrenningsreaksjonar der kjemikalium fusjonerer for å frigi energi. I kjernereaksjonar blir strukturen til atom endra, og atomkjernene blir delt i mindre delar. Når dette skjer, frigir dei enorme mengder energi. 1 kg kjernedrivstoff kan gi same mengda energi som å brenne nesten 3 millionar kg kol. Denne energien gjer vatn om til vassdamp for å drive turbinar. Fossilt drivstoff har fått energien frå sola gjennom planter og dyr for millionar av år sidan, mens uran, som mange andre komplekse grunnstoff, blei laga inni stjerner ved ein supernova lenge før sola blei danna.
Sei: Kjernekraft har fordelar og ulemper. Be elevane lage ein tabell for å gi ei oversikt over desse fordelane og ulempene.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- beskrive drivhuseffekten og gjøre rede for faktorer som kan forårsake globale klimaendringer (KM840)
- gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
- drøfte hvordan energiproduksjon og energibruk kan påvirke miljøet lokalt og globalt (KM842)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)