natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Får vi alltid like mykje energi frå sola?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane teikne skisser for å vise korleis sola når jorda om dagen og natta, og til ulike årstider og med skydekke. Snakk saman om korleis desse skissene hjelper oss til å forstå kor mykje solenergi som når jorda. Spør: Kvifor er solenergien så viktig for livet på jorda? Bruk tenk-par-del.
Forklar til elevane: Jorda går rundt sola i ei nesten rund bane. Sola lagar omtrent like mykje energi heile tida, slik at like mykje energi blir fordelt på overflata til jorda heile tida. Fordi vi har dag og natt, vil energimengda som blir tilført overflata ein bestemt stad variere gjennom døgnet, sjølv om han er konstant for heile overflata til jorda. Tilsvarande blir det gjennom årstidene. Skyer kan gjere ein forskjell fordi skyer reflekterer sollys. Jo meir skyer, jo meir sollys blir reflektert. Viss mykje av jorda er dekka av skyer lenge, blir det overført mindre energi til overflata.
Sei: Forskarar meiner at ein av grunnane til at dinosaurane døydde ut i Kritt var eit meteorittnedslag. Be elevane forklare korleis dette kunne får dinosaurane til å døy ut, og kva dette har å gjere med energien frå sola?
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)