natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 1: Elektroniske kommunikasjonssystem
I denne økta skal oppdraget til elevane skape læringsbehov og etablere ei engasjerande ramme gjennom undervisningsopplegget. Gjennom ulike utforskande aktivitetar får elevane bli kjent med delar av det elektromagnetiske spekteret og kva for typar stråling som nyttast i elektronisk kommunikasjon.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- analysere eit oppdrag, sjå kva det blir spurt etter og kva kompetanse/kunnskap dei treng for å løyse oppdraget
- beskrive korleis det elektromagnetiske spekteret kan delast inn etter energi, frekvens og bølgjelengd
I dette opplegget skal elevane forstå korleis eit elektronisk kommunikasjonssystem i hovudtrekk er bygd opp og fungerer. Denne kunnskapen skal dei bruke for å finne opp eit klesplagg som kommuniserer med internett for å fylle eit behov.
Tidsbruk
1A. Oppdrag + elevhefte | 15 minutt |
1B. Elektroniske kommunikasjonssystem | 30 minutt |
1C. Det elektromagnetiske spekteret | 35 minutt |
1D. Oppsummering | 10 minutt |
TOTALT | 90 minutt |