natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 5: Fullfør oppdraget
I denne økta skal elevane bruke alt dei har lært gjennom dei tidlegare øktene til å presentere ideen sin som svar på oppdraget. Gjennom ein film eller bildeserie skal dei fortelje korleis produktet verkar og korleis systemet er bygd opp.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- bruke kunnskap om elektroniske kommunikasjonssystem til å utvikle ein ide til eit smart klesplagg
- visualisere og presentere ideen til det smarte klesplagget gjennom ein film eller bildeserie
- formidle eigen produktidé og vurdere arbeid og formidling til medelevar.
Tidsbruk
5A. Førebu presentasjon av løysing | 30–40 minutt |
5B. Presenter løysing | 50–70 minutt |
5C. Summer opp | 10 minutt |
TOTALT | 90–120 minutt |