natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Lauvtre
Lauvtre
- Utgiver: Naturfagsenteret
Ei oversikt over vanlege norske lauvtre.
Dette trearket gir informasjon om 13 treslag som er vanlege i store deler av landet, men på grunn av klima og grunnforhold finn vi ikkje alle trea overalt. I oversikta er det tatt med informasjon om kvar vi finn trea geografisk og for enkelte òg om kva som er typisk for veksestaden. Nokre tre har strenge krav til lys og næring, medan andre veks på all slag grunn. Ein innfallsvinkel kan vere kvifor vi ikkje finn eit bestemt tre der vi bur.
Oversikta gir først og fremst informasjon nok til å kunne finne ut kva for eit treslag vi ser. Mykje informasjon er derfor utelatt for at oversikta ikkje skal bli for teksttung. For nokre av trea er det viktig å kjenne på blada for å avgjere kva for eit tre det er. For eksempel er hasselblad mjuke og hårete, i motsetning til almeblad som kjennest meir som sandpapir. Blad som lett kan forvekslast er plasserte etter kvarandre.
Dei ulike kjenneteikna til blada kan vere utgangspunkt for å sortere dei. For eksempel i kategoriar som blad med eller utan hår, blad som består av småblad eller som større enkeltblad, taggete eller jamn bladkant og så vidare. Elevane kan lage sine eigne sorteringssystem der dei må studere blada nøye og bestemme kva for kategoriar dei ønsker å bruke.
Trearket er utvikla i samarbeid med Hanne Hegre Grundt. Ho har doktorgrad i botanisk systematikk frå Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Alle teikningane er laga av Dagny Tande Lid.
Skriv ut atlaset i farger og legg det i plastlomme eller laminer det:
- Norske lauvtre (nynorsk) pdf
- Norske løvtrær (bokmål) pdf
- Enkel oversikt (nynorsk)
- Enkel oversikt (bokmål)