Hopp til hovedinnhold
Passer for
  • barnetrinn 5-7

Levedyktig bygd, Åheim skole

Bedrifta Sibelco bidrar med mange arbeidsplassar i bygda, likevel er det slik at bedrifta også bidrar med ein del sår i naturen, samt støv og støy. Målet med prosjektet er å auke bevisstheita rundt miljø- og naturforandringar. 

 

Åheim skule.jpg

Elevane i 5. klasse ved Åheim skule vil sjå kva rolle den store hjørnesteinsbedrifta Sibelco  har å seie for naturen og miljøet i bygda si. Gjennom intervju med pensjonistar som har jobba i bedrifta, tur til Olivinskogen for å sjå bedrifta frå utsida, besøk frå Sibelco og  geologitur til Helgehornsvatnet har elevene fått svar på sprøsmål som: Kva slags utfordringar har bedrifta Sibelco med tanke på at dei også er ein stor bidragsytar med antall arbeidsplassar i ei lita bygd? Kva gjer Sibelco for å ta vare på natur og miljø? Målet med prosjektet er å auke bevisstheita rundt miljø- og naturforandringar.

 

Læringsarena

På fabrikken. Utenfor fabrikken. Besøk hos pensjonist. Tettstedet Åheim. Steinsenteret. 

Læringsmål

  • Formulere spørsmål om noko elevane lurer på. 
  • Trekke naturfagleg informasjon ut frå enkle naturfaglege tekster i ulike medium. 
  • Gjennomføre forsøk med lyd, hørsel og støy, beskrive og forklare resultata og korleis vi kan skjerme oss mot uønska lyd.
  • Undersøke og beskrive sentrale eigenskapar ved nokon mineral og bergartar og korleis dei har blitt danna.
  • Orientere seg i kjent terreng.
  • Lytte til andre, uttrykkje og grunngje egne standpunkt og vise respekt for andre sine standpunkt. 
  • Bruke digitale informasjonskanalar på ein målretta måte.
  • Lage samansette tekstar med bilete, utsmykkingar og varierte skrifttypar til ein større heilskap, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy.
  • Grunngi vurdering av andres munnlege framføring. 
  • Presentere eit fagstoff munnleg med mottakarbevisstheit med og utan hjelpemiddel.
  • Bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortid og notid ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidslinje.
  • Velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder.   

 

Undervisning for bærekraftig utvikling

Ha kunnskap om at naturressursen ikkje varer evig. Lære om korleis ein kan reparere ”sår” i naturen. (Fjell som vert avdekte, elva som vert utsett for slam m. m)

Utforskende arbeidsmåter

Elevane skal gjere systematiske observasjonar av støy og støv og drive kritisk vurdering av all informasjon dei  innhentar. Dei skal kunne argumentere for sine synspunkt og begrunne sine konklusjonar etter kvart som dei finn svar på sine spørsmål.

Grunnleggende ferdigheter

I prosjektet er dei grunnleggjande ferdigheitene integrert på slik måte:

  • Bruke teljing og tal i forbindelse med nedgang/oppgang i arbeidsplassar, skipingar pr. år, kor stor mengde stein blir tatt ut kvart år.
  • Finne informasjon på internett, brosjyrar og informasjonsmateriell.
  • Notere ned det ein har funne, høyrt og sett. 
  • Beskrive det i ein powerpointpresentasjon.
  • Lage intervju.
  • Snakke om det ein har funne, presentere for andre. 
  • Intervju av pensjonistar. 
  • Lage ein powerpoint presentasjon.
  • Digitale fotografering