natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Fagleg bakgrunn for opplegget
Vi er omgitte av menneskeskapte gjenstandar og system som vi kallar teknologi. Teknologi spenner frå enkle reiskapar til avansert moderne datateknologi. Dagens barn og unge møter teknologi i heimen, på skolen og i fritida, og dei fleste er svært aktive brukarar av teknologi. Men elevane må ikkje berre ha ferdigheiter til å bruke dagens teknologi. Vi må legge til rette for at dei kan få lære og forstå dei grunnleggande prinsippa som ligg bak teknologien, slik at dei kan ta kontroll over han og kreativt utvikle han til det beste for seg sjølv og fellesskapet. Nøkkelkompetansar i teknologi er systematisk problemløysing og forståing av samanhengar og komponentar. Alle elevar treng ei utdanning som gjer dei i stand til å bruke teknologi i kvardagen, ta stilling til dilemma som den teknologiske utviklinga skapar og forstå korleis teknologi kan fremme eller hemme ei berekraftig utvikling.
Eit kjenneteikn på teknologi er at det er ein reiskap som skal fylle ei oppgåve og ha ein funksjon i eit større heile. Produkta og systema som blir utvikla må bli gitt ei form og ein struktur, det vil seie eit design. Teknologi og design er tett bundne saman.
Teknologi som del av naturfag
Teknologi er basert på naturvitskap og utnyttar ulike naturvitskaplege prinsipp. Dette opplegget handlar om elektroniske kommunikasjonssystem, og dei naturfaglege prinsippa som ligg i botnen er ladning og elektriske kretsar. Men det er lang veg frå å ha kunnskap om elektrisitet til å forstå korleis internett er bygd opp. Teknologi og naturvitskap er to skilde fagområde med utgangspunkt i ulike fagtradisjonar med ulike siktemål. Målet med naturvitskapen er å forstå verda, mens målet med teknologien er å løyse problem og skape noko nytt.
Elektroniske kommunikasjonssystem og digital teknologi
Menneska har opp gjennom historia brukt mange ulike system for å kommunisere med kvarandre. Alle kommunikasjonssystem har nokre sentrale funksjonar som blir fylte på ulike måtar. Det må vere ein sendar og ein mottakar som skal kommunisere med kvarandre, det må vere noko informasjon som skal bli formidla, informasjon må finne fram til mottakaren og mottakaren må kunne tolke det han mottar. Vi lever i dag i det som blir kalla informasjonssamfunnet fordi vi nå brukar elektroniske komponentar eller datamaskinar til å kommunisere med kvarandre. Vi brukar elektroniske kommunikasjonssystem som brukar digital teknologi.
Sjølv om digital teknologi er ein naturleg del av teknologiområdet, er den digitale teknologien så slagkraftig og mangfaldig at det er fruktbart å sjå på digital teknologi som eit kunnskapsområde i seg sjølv og som eit verktøy på mange andre kunnskapsområde. Det er i hovudsak tre årsakar til den sentrale og gjennomgripande posisjonen digital teknologi har fått:
For det første er den digitale teknologien svært fleksibel. Han kan styre og kontrollere annan teknologi. Det er dataprogram som styrer datamaskinar, og ved å endre programmet kan vi raskt og fleksibelt styre og endre dei oppgåvene ein datamaskin skal utføre. Mennesket kommuniserer med datamaskinane og maskinane kommuniserer med kvarandre gjennom nettverk. Fleksibiliteten og tilgjenget til den digitale teknologien har ført til at han nå er integrert i mange andre teknologiar, og den digitale teknologien har dermed også blitt ein slags metateknologi. Det er dette som gjer at digital teknologi påverkar nær sagt alle fagområde og dei fleste – om ikkje alle – delar av samfunnet.
For det andre har ytinga til datamaskinane auka dramatisk over mange år, og nettverka har fått tilsvarande auke i kapasitet og tilgjenge. Dette gjer at berekningar som før var svært ressurskrevjande nå kan gjerast raskt og effektivt. I tillegg blir datamaskinane stadig mindre i størrelse. Våre mobiltelefonar overgår no ytinga til superdatamaskinar frå nokre tiår sidan og som var store som eit helt rom. Samtidig har ulike former for trådlaus kommunikasjon opna nye moglegheiter og gjort digital teknologi tilgjengeleg på ein heilt annan måte enn tidlegare.
For det tredje foreiner digital teknologi mange ulike typar informasjon i eit felles system. Både tekst, lyd, bilde, video og alle andre typar informasjon som kan bli kvantifisert (målt og gjort om til tal) kan bli behandla i ein datamaskin og overført mellom datamaskiner i nettverket. Smarttelefonen er både mobiltelefon, musikkspelar, fotoapparat, videokamera, GPS, nettlesar, betalingsterminal og mykje anna.
Nedanfor finn du utdypande forklaringar sortert på dei ulike øktene.
Økt 1
Økt 2
Transport
Informasjon blir transportert frå sendar til mottakar gjennom telenettet som består av ruterar, kablar og trådlause samband.
Kontakt med internett, trådlause samband og dekning
Ein PC kan vere knytt til internett gjennom ein kabel, men oftast får vil tilgang til internett gjennom trådlause samband, for eksempel wifi eller 4G.
Økt 3
Økt 4