Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Tidsbruk
  • 80–120 minutt

6A. Førebu presentasjon av løysing

Oppfrisking frå forrige økt. Hugsar de kva vi snakka om i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [fordelar og ulemper med internett: avfall, informasjon, arbeidsplassar, energi ...] 

Be elevane ta fram oppdragsbrevet som dei fekk i økt 1.

Ark 1–2 i PowerPoint. Sei: Nå skal de sluttføre løysinga dykkar på oppdraget. De skal først fylle ut tekniske data i skjemaet. Dette skal de ta utgangspunkt i når de skal lage ein film eller ein bildeserie som de skal vise for resten av klassa.  Gå gjennom punkt for punkt som ei oppsummering av alle øktene. 

Ark 3 i PowerPoint. Sei: De skal også lage eit flytskjema for klesplagget som viser korleis informasjonen går, slik som de tidlegare laga flytskjema for posten og for internett. 

Ark 4 i PowerPoint. Spør: Korleis tenker de at ein god presentasjon skal vere? Kva bør presentasjonen av det smarte klesplagget innehalde? Gå gjennom krav til presentasjonen.

Veiled elevane undervegs i førebuingane, både på kva for punkt dei tenker å ha i det tekniske skjemaet og korleis dei vil utforme flytskjemaet. Dette gir deg god informasjon om kva elevane har forstått og kva du treng å forklare.

La to og to elevpar presentere for kvarandre før presentasjonen for heile klassa.