natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Bakteriar i kroppen din
Kva for rolle spelar bakteriane?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Sei: Mange tenker at bakteriar er skadelege og at dei berre finst på skitne stadar. Er det einige i dette? Snakk saman om kva som kan skje når bakteriar kjem inn i kroppen vår, korleis kroppen vår kan hindre at bakteriar kjem inn og korleis kroppen vernar seg mot sjukdomsframkallande bakteriar dersom dei kjem seg inn.
Faglig forklaring
Bakteriar finst overalt rundt oss. Dei lever i jord, luft, vatn og inni og utanpå kroppen vår. Bakteriar er verken gode eller dårlege, dei er berre levande organismar som kjempar for å overleve. Nokre bakteriar er skadelege for oss, mange bakteriar er harmlause og nokre er nyttige. Fordøyelsessystemet vårt inneheld nyttige bakteriar som hjelper oss med å fordøye maten. Nokre bakteriar kan gje sjukdom og død. Huda vår er ein barriere mot bakteriar, men dersom vi kuttar oss kan bakteriar komme inn i kroppen og formere seg. Dei kan produsere giftige stoff som gir sjukdom. Dersom bakteriar kjem inn i blodet, vil kvite blodceller verne oss ved å øydelegge bakteriane. Cellegift blir brukt i kreftbehandling for å stoppe celledeling. Ein bieffekt av dette er at kroppen sluttar å lage kvite blodceller.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Kropp og helse (KE71)
Kompetansemål
-
10. trinn
- beskrive kroppens immunforsvar og hvordan vaksiner virker, og gjøre rede for hva vaksiner betyr for folkehelsen (KM809)
-
Vg1 HS
- drøfte hvilken betydning mikroorganismer har for kropp og helse (KM698)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Tverrfaglige temaer
- Folkehelse og livsmestring (TT1)