Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Korleis fekk grunnstoffa symbola sine?

 

Korleis fekk grunnstoffa symbola sine?

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Del ut periodesystemet eller la dei gå inn på periodesystemet.no. La elevane undersøke kva for informasjon periodesystemet gir. Be dei sjå etter tal, bokstavar, farge og namn. Spør: Kva for mønster kan de finne? Be dei slå opp bly i ei ordbok og finne ut kvifor symbolet er Pb. Be dei undersøke opphavet til nokre andre symbol i periodesystemet. 

Be elevane lage ein eigen forenkla versjon av periodesystemet som har fargekoder og forklaring på korleis det er organisert. 

Faglig forklaring

Periodesystemet er eit av dei viktigaste verktøya kjemikarar brukar for å forstå stoff og kjemiske reaksjonar. Det er enormt mykje informasjon i periodesystemet. Det viser alle kjente grunnstoff, dei ulike atoma som blir kombinert i alle dei ulike kjemiske sambindingane. Det finst nesten 120 kjente grunnstoff og rundt 100 av desse finn vi naturleg på jorda. Symbola representerer dei ulike grunnstoffa og kvart symbol er enten berre ein stor bokstav eller ein stor og ein liten bokstav. Pb er symbolet til bly, som har atomnummer 82. Det er det same symbolet som blir bruka over heile verda, slik at forskarer frå ulike land forstår kvarandre sjølv om dei ikkje snakkar same språk. Symbolet Pb kjem av plumbum, som er det latinske namnet på bly. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Nettressurser