natursekken.no blir drifta av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: natursekken@naturfagsenteret.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Kva om jorda ikkje halla?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Sei: Jorda hallar med ein vinkel på 23 °. Spør: Kva trur det ville ha skjedd dersom jorda ikkje hadde halla? Eller om ho halla 90 °? Kva ville det ha fått å seie for daglengdem årstider og temperatur på ulike stadar på jorda? Bruk . Spør: Dersom du kunne ha vald kva for vinkel jorda halla med, kva ville du ha vald og kvifor?
Sei: Dersom jorda ikkje halla, ville det ikkje ha vore årstider. Endringane som heng saman med årstider, som endring av daglengde, planter som blomstrar, dyr som får avkom og vêrendringar, ville ikkje ha skjedd. Likevel ville det ikkje ha vore vanskelegare å overleve. Men dersom hellinga hadde vore konstant 90 °, ville det ha vore annleis. Nokre delar av jorda ville konstant peika mot sola og der ville det ha vore ekstremt varmt. Andre delar av jorda ville ha vore konstant kalde, slik som dei kaldaste stadane i Antarktis på vinteren. Dette ville ha berre sakte ha endra seg etter kvart som jorda gjekk rundt sola. Da ville dei varme delane ha blitt kalde og dei kalde ha blitt varme. Dyr og planter ville ha utvikla seg veldig forskjellig i desse ulike miljøa.
Be elevane lage ein tabell for å vise hovudeffektane for ulike hellingar til jorda, som 0 °, 23 °, 45 ° og 90 °. Spør: Kva for effekt ville det hatt for dyre- og plantelivet?
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
7. trinn
- beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)